Hels på den nye leiaren i frivillgsentralen

Kristine Thomassen er ny leiar i frivilligsentralen. Ho gler seg til å kome inn i den nye kvardagen og ikkje minst bli kjend med dei frivillige.

Kristine er utdanna innan musikk og drama, samt vidareutdanning innan kulturleiing. Ho har også mange års erfaring innan frivilligfeltet. For to år sidan flytta ho frå Oslo til Julsundet, kor ho har vakse opp.


«Frivilligheit er både viktig og spennande, og her i Aukra skjer det mykje flott innanfor feltet.»


Ho meiner det er viktig å ta vare på det som fungerer samtidig som ein tenkjer nytt rundt kva ein kan få til.


«Eg trur at vi kan få til mykje fint både i Julsundet og på Gossen. No med gratis ferje blir det kanskje enda lettare å benytte seg av tilbod på den eine eller andre sida av fjorden.»


Kristine trur mange har ønskjer og forslag til kva frivilligheita kan bidra med. «Sit du med eit slik forslag eller ønskje så håper eg at du tek kontakt, for det vil eg gjerne høyre meir om!»


Den nye frivilligleiaren vil ha kontor både i Aukra kulturhus og Mevoldtunet.


Du kan kontakte Kristine på e-post:

kristine.thomassen@aukra.kommune.no

og telefon: 90 80 47 13.



Flere nyheter
2024 © Aukra frivilligsentral