Matombringing

Utkøyring av middag til heimebuande eldre

Matombringing er eit samarbeid mellom Aukra frivilligsentral og Aukra omsorgssenter. Frivillige køyrer ut middag til heimebuande eldre kvar dag og har eigen turnus over når dei køyrer. 2 gonger i året har vi sosialt samvær med god mat, gode samtalar og planlegging av turnus for det neste halvåret. 

Matombringarane gjer ein kjempeviktig jobb og det er ikkje uten grunn at dei i 2023 vann frivilligprisen! 

Har du lyst å bli matombringar? Ta kontakt med dagleg leiar på frivilligsentralen, Idun Solem Sandøy på telefon 908 04 713 eller e-post Idun.sandoy@aukra.kommune.no 

2024 © Aukra frivilligsentral