Besøksvenn

Kan du tenke deg å få besøk av og til, slå av ein prat eller ta ein kopp kaffi ilag med nokon? Då kan besøksvenn vere noko for deg!

Mange frivillige ønskjer å bruke av tida si til å besøke andre. Ein besøksvenn er gratis, alt du treng å gjere er å ringe Aukra frivilligsentral. Då kjem me heim til deg eller ringer deg og snakkar litt ilag og høyrer på kva behov du har.

Etter dette prøver me å skaffe ein besøksvenn som kan passe til deg. Alle besøksvenner har teieplikt og me har ein samtale med dei som ønskjer å vere besøksvenn i forkant. 

Folk melder seg som besøksvenn fordi dei har lyst og for å glede andre. Det vert ei gjensidig glede – både for deg som får besøk og for den som går på besøk! Ønsker du å vere besøksven eller få besøk?Ta kontakt med dagleg leiar Idun Solem Sandøy om dette høyres kjekt ut eller om du har spørsmål.Du treff meg på telefon : 908 04 713.

2024 © Aukra frivilligsentral