-
Aktivitetsvenn
Har du lyst til å bli aktivitetsvenn?
Småjobbsentral
Aukra frivilligsentral har ein småjobbsentral. Treng du hjelp til små oppdrag heime eller ønskjer å jobbe kan du ta kontakt med Idun Sandøy på frivilligsentralen.Vi formidlar småjobbar som:
- Klipping av gras
- Enkle malararbeid
- Småreparasjonar
- Bæring stabling av ved
- Lett snørydding
- Barnepass
- Lett hagearbeid
Småjobbsentralen er for ungdommar mellom 14 og 18 år.
Ring gjerne for meir informasjon på tlf 908 04 713 (Aukra frivilligsentral) eller stikk innom for ein trivelig prat. Her vil du få Registreringsskjema for å få registrert ein jobb, eller for å melde deg som småjobbar.
Betalinga skjer direkte mellom oppdragsgjevar og ungdom etter gjeldande satsar.
Her kan du melde deg på
Del på:
-
Barseltreff
Barseltreff er ei gruppe open for alle som er heime med babyar/små born på dagtid.
-
Besøksvenn
Kan du tenke deg å få besøk av og til, slå av ein prat eller ta ein kopp kaffi ilag med nokon? Då kan besøksvenn vere noko for deg!
-
Frivillig
Bidra som frivillig? Ta kontakt!
-
Matombringing
Utkøyring av middag til heimebuande eldre