-
Frivillig
Bidra som frivillig? Ta kontakt!
Besøksvenn
Kan du tenke deg å få besøk av og til, slå av ein prat eller ta ein kopp kaffi ilag med nokon? Då kan besøksvenn vere noko for deg!Mange frivillige ønskjer å bruke av tida si til å besøke andre. Ein besøksvenn er gratis, alt du treng å gjere er å ringe Aukra frivilligsentral. Då kjem me heim til deg eller ringer deg og snakkar litt ilag og høyrer på kva behov du har.
Etter dette prøver me å skaffe ein besøksvenn som kan passe til deg. Alle besøksvenner har teieplikt og me har ein samtale med dei som ønskjer å vere besøksvenn i forkant.
Folk melder seg som besøksvenn fordi dei har lyst og for å glede andre. Det vert ei gjensidig glede – både for deg som får besøk og for den som går på besøk! Ønsker du å vere besøksven eller få besøk?Ta kontakt med dagleg leiar Jens Petter Kjøll om dette høyres kjekt ut eller om du har spørsmål.Du treff meg på telefon : 469 46 044.
Del på:
-
Sangtreff omsorgssenteret
Dette er eit tilbod for alle som liker å synge og er heime på dagtid, unge som eldre. Me syng for det meste norske songar i forskjellige kategoriar.
-
Småbarnstreff
Småbarnstreff er ei gruppe open for alle som er heime med babyar/små born på dagtid.
-
Småjobbsentral
Aukra frivilligsentral har ein småjobbsentral. Treng du hjelp til små oppdrag heime eller ønskjer å jobbe kan du ta kontakt med Jens Petter på frivilligsentralen.