Frivillig/handlehjelp

Utkjøring av mat og medisiner til eldre eller folk i karantene Bidra som frivillig

INSTRUKS for frivillige i Aukra 

Gjeld for utkøyring frå butikk og andre ærend til eldre og personar i karantene/isolasjon 

Gjeld frå 18.3.2020 og inntil vidare


Alle frivillige har eit sjølvstendig ansvar for å vurdere om ein bør bistå i aktiviteten. Alle må samtykke til at Frivilligsentralen registrerer personopplysningar. Alle har etisk og moralsk teieplikt. Samtykke vert gjeve elektronisk.


Du som er frivillig

• Må ikkje ha symptom på sjukdom

• Må ikkje vera i karantene

• Kan ikkje ha vore på reise utanfor Noreg etter 27. februar 2020

• Må vera fylt 18 år


Kva oppgåver skal den frivillige gjera

• Køyre varer frå daglegvarebutikk til kunde

• Køyre apotekvarer frå butikk til kunde


Praktisk gjennomføring

• Les instruksen nøye!

• Oppdrag vert formidla frå Frivilligsentralen.

• Møt opp ved avtalt butikk til avtalt tid.

• Vis fram legitimasjon

• Køyr varene til oppgitt adresse.

• Ta på eingongshanskar og ring/bank på døra og gå. Bruk eingongshanskar som du vrenger av og kastar i bosspann med ein gong.


Kva oppgåver skal ein IKKJE gjera

• Ingen frivillige skal gå inn i bustaden eller ha direkte fysisk kontakt med bestillaren eller andre personar i bustaden.

• Ein skal IKKJE ta i mort pengar eller ta i mot retur av noko slag.

• Frivillige skal IKKJE kast boss, anna avfall, pant eller esker. Dersom bestillaren har problem med boss eller handtering av avfall, gje beskjed til Frivilligsentralen som tek det vidare med Aukra kommune.

• Frivillige skal IKKJE vurdere helsetilstand eller gje helsefaglege råd. Denne type spørsmål skal rettast til fastlege/legevakt.


Avvik

• Alle avvik frå desse rutinane skal meldast til Frivilligsentralen snarast.

• Dersom du som frivillig kan ha vorte utsett for smitteeksponering skal du unngå kontakt med andre så langt det er mogleg. Avslutt oppdraget og reis heim. Meld frå til Friviligsentralen – og kontakt fastlege for å avtala vidare oppfølging frå eigen heim.


• Dersom liv eller helse er trua, kontaktar den frivillige naudetatane på 113, 110 eller 112.

• Dersom du opplever at oppgåvene er vanskelege/utfordrande, skal du involvera og be om rettleiing frå Frivilligsentralen


Identifikasjon

Frivillige skal vise fram identifikasjon når dei hentar ut varer. 


Kontaktinfo til Frivilligsentralen

Jens Petter Kjøll, tlf.: 46946044. E-post: jens.petter.kjoll@aukra.kommune.no


Retningslinjene er i tråd med Helsedirektoratet sine råd for samarbeid mellom kommune og frivillige organisasjonar.

2020 © Aukra frivilligsentral