-
Besøksvenn
Kan du tenke deg å få besøk av og til, slå av ein prat eller ta ein kopp kaffi ilag med nokon? Då kan besøksvenn vere noko for deg!
Småjobbsentral
Aukra frivilligsentral har ein småjobbsentral. Treng du hjelp til små oppdrag heime eller ønskjer å jobbe kan du ta kontakt med Jens Petter på frivilligsentralen.Vi formidlar småjobbar som:
- Klipping av gras
- Enkle malararbeid
- Småreparasjonar
- Bæring stabling av ved
- Lett snørydding
- Barnepass
- Lett hagearbeid
Me treng òg ungdommar som ønsker å ta på seg oppdrag.
Ring gjerne for meir informasjon på tlf 97182 668 (Aukra frivilligsentral) eller kikk innom ein av dei næraste dagane. Her vil du få Registreringsskjema for å få registrert ein jobb, eller for å melde deg som småjobbar.
Betalinga skjer direkte mellom oppdragsgjevar og ungdom etter gjeldande satsar.
Her kan du melde deg på
Del på:
-
Frivillig
Bidra som frivillig? Ta kontakt!
-
Sangtreff omsorgssenteret
Dette er eit tilbod for alle som liker å synge og er heime på dagtid, unge som eldre. Me syng for det meste norske songar i forskjellige kategoriar.
-
Småbarnstreff
Småbarnstreff er ei gruppe open for alle som er heime med babyar/små born på dagtid.