Torsdag 7 August
Kl. 14:00 - 17:00, Frivilligsentralen i Aukra
Skulesekkdag
Skulesekkdag på frivilligsentralen i Aukra kulturhus 7. august kl.14:00 - 17:00

Har du ein eller fleire skulesekkar som fortsatt har god bruksverdi som du ikkje skal bruke til hausten? Frivilligsentralen i Aukra tek gjerne i mot den! Har du tilhøyrande gymbag og/eller pennalhus tek vi gjerne i mot det også! 

Sekken med eventuelt tilbehøyr kan leverast på frivilligsentralen i Aukra kulturhus alle kvardagar mellom 09:00 - 15:00. Utover det kan den leverast til biblioteket i sine opningstider. 

Frivilligsentralen ønskjer på den måten å bidra til mindre utanforskap, og gi skulebarn ein fin sekk dei kan ha nytte og glede av. 

Torsdag 7. august mellom kl. 14:00 - 17:00 deles det ut sekker. I utgangspunkt éin sekk per familie ved oppmøte ved frivilligsentralen i Aukra kulturhus. "Først til mølla" prinsippet gjeld.


2025 © Aukra frivilligsentral