-
Frivillighetens dag 2024
Tusen takk for at du er frivillig!
Julegåveaksjon 2024
Har du lyst til å vere med å støtte årets julegåveaksjon?Jula nærmar seg med stormskritt og er for dei fleste ei tid vi ser fram til med kvalitetstid med familie, gåver og mykje god mat. For mange er det også ei tid med bekymring med at pengane ikkje strekk heilt til. Aukra frivilligsentral ønskjer å vere ei hjelpande hand til dei som treng det, men er i år avhengig av å få hjelp frå andre.
Med bakgrunn i at støtta fra Fylkeskommunen i år er kraftig redusert, er vi heilt avhengig av støtte frå enkeltpersonar og bedrifter.
Har du lyst til å hjelpe?? Det er fleire moglegheiter for å kunne vere med å støtte årets julegåveaksjon;
- Spar Aukra har satt ut ei handlevogn der du kan donere matvarer. (Fleire butikkar kan kome til)
- Du kan kjøpe matgavekort på daglegvarebutikkane som kan leverast til frivilligsentralen på kulturhuset
- Du kan kjøpe gåver å pakke inn og merke med for eksempel "Jente 6-8år" som kan leverast til frivilligsentralen på kulturhuset
Utdelingen av matvarer og matgåvekort vil skje fredag 20.desember, så alle bidrag må være levert inn i løpet av onsdag 18.desember.
Saman kan vi på den måten bidra til mindre utanforskap og gje medmennesker ei litt bedre julefeiring.
Ingen kan gjere alt, men alle kan gjer litt!
Julegåveaksjonen koordinerast og organiserast av frivilligsentralen.
Ta kontakt med Idun Solem Sandøy om det er spørsmål
E-post: idun.sandoy@aukra.kommune.no
Tlf: 908 04 713
Del på:
-
Ny leiar på frivilligsentralen