Gamingkafé

Aukra sin første gamingkafé vel gjennomført

Fredag 14. mars inviterte frivilligsentralen og biblioteket i Aukra til den aller første gamingkaféen! Vi hadde med oss revmatikerforeninga, som viste fram teppecurling-utstyret dei har anskaffa. Dette var ein stor suksess blant dei frammøtte, og konkurranseinstinktet og taktikken kom raskt på plass! Mellom rundane kunne ein kjøpe kaffe og noko godt attåt.

Vi hadde det fole kjekt i lag, og alle var einig om at teppecurling definitivt må vere med på neste gamingkafé og!

Neste gamingkafé er fredag 28. mars, og då skal vi i tillegg til teppecurling også ha Nintendo Switch. Revmatikerforeninga stiller med kafé! Vi håpar du har lyst til å komme og ha det kjekt saman med oss!

 

2025 © Aukra frivilligsentral