Kommunale og lokale tilskotsordningar

Her er ei oversikt over nokre aktuelle kommunale og lokale tilskotsordningar

Søknad om tilskot til prosjekt og arrangement - (Direktelenke her)

Lag- og organisasjonar som er registrert i frivilligregisteret og er aktiv i Aukra kommune, kan søkje om tilskot.
Tilskotet er eit prosjekttilskot, som kan gå til: 

  • Arrangement
  • Utbygging
  • Oppussing
  • Vedlikehald 

Eksemplar er konsertar eller oppussing av klubbhus. Du kan søkje om opp til 150 000 kr. Tilskotet vert utbetalt etter at du har sendt det godkjente prosjektrekneskapet. 

Søknadsfrist: 1. mars og 1. september 

Søknad om tilskot til rusførebyggande arrangement for barn og unge - (Direktelenke her)

Dei som kan søke om tilskot til rusførebyggande arrangement for barn og unge: 

  • Frivillige lag- og organisasjonar med aktivitet i Aukra kommune. Aktiviteten må vere knytt til barn og unge 
  • Kommunale einingar i Aukra kommune. Aktivitet må styrke kommunen sine satsingsområde. 

Kva kan du søkje tilskot til?
Du kan søkje om tilskot for rusførebyggande aktivitetstilbod til barn og unge i Aukra kommune, til dømes ungdomskveldar eller "jogg mot rus". 

Les meir om tilskotet ved å bruke lenka ovanfor. 

Søknadsfrist: Heile året

Spelemidlar - (direktelenke her)

Spelemidlar skal bidra til at ein større del av befolkninga får moglegheit til å drive idrett og fysisk aktivitet. 

Kva kan du søkje spelemidlar til? 

  • Nye idretts- og friluftsanlegg 
  • Rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg 
  • Nærmiljøanlegg
  • Turvegar og turløyper 

Slik søkjer du:
For å kunne søkje, må du få tildelt eit anleggsnummer. Ta kontakt med folkehelsekoordinator i Aukra kommune for å få eit slikt nummer. Du søkjer om spelemidlar på www.anleggsregisteret.no. Her finn du også meir informasjon om spelemidlar. Det er eit vilkår at anlegget er innarbeidd i kommunedelplan for idrett, aktivitet og friluftsliv. 

Søknadsfrist: 1. november 

Tilskot frå kulturmiljøfondet for Aukra kommune - (Direktelenke her)

Alle kan søkje om tilskot frå kulturmiljøfondet. Tilskotsordninga kan bidra til: 

  • Sette i stand kulturminne og kulturmiljø
  • Tilrettelegge kulturminne for alle 
  • Støtte kulturhustoriske arrangement og aktivitetar 

Du kan søkje om opp til 500 000 kr. Tilskotet kan ikkje overgå 50 prosent av samla kostnad. 
Søknadar om tilskot til kulturminne som er omtalt i Aukra kommune sin kulturmiljøplan eller er sikra gjennom kommunal regulering til omsynssone eller spesialområde vert prioritert. 
Tilskotsmidlane skal ikkje dekke standardheving, modernisering, drift og driftsrelaterte tiltak som VVS og EL. Tilskotet dekker heller ikkje eigeninnsats.  

Søknadsfrist: Heile året

Småtiltakkspotten GassROR IKS - (Direktelenke her)

Lag- og organisasjonar kan søkje om stønad. Det blir lagt vekt på egeninnsats som dugnad og andre bidragsytarar, som til dømes sponsormidlar og gåvemidlar. Privatpersonar kan ikkje søke, og det vert ikkje gitt stønad til ordinær drift av lag og foreningar. 

Småtiltakspotten er ein årleg pott til mindre tiltak som er tenkt til lag, foreiningar og liknande 

  • Mindre tiltak er tiltak som har eit totalt budsjett på maksimalt 100 000 kr. Du kan søkje om stønad på inntil 50 000. 
  • For prosjekt på inntil tre år kan du søkje om inntil 150 000 kr. Det totale budsjettet her kan maksimalt vere 300 000.  

Søknadsfrist: 1. mars og 1. oktober 

TEFT-midlar Sparebanken Møre - (Direktelenke her)

Lag- og organisasjonar på Nordvestlandet kan søkje om TEFT-midlar til almennyttige formål. Dei prioriteter tiltak som er almennyttige og kjem mange til gode. Prosjektene må vere konkrete og ha ein finansieringsplan som gjenspeilar det reelle støttebehovet. 

Sparebanken Møre fullfinansierar ikkje prosjekt, og vil alltid kreve ein viss andel eigeninnsats i tillegg til andre finansieringskilder. 

Søknadsfrist: 1. april og 1. oktober 

2025 © Aukra frivilligsentral