Julegåveaksjon 2025

Har du lyst til å vere med å støtte årets julegåveaksjon?

Jula nærmar seg med stormskritt og er for dei fleste ei tid vi ser fram til med kvalitetstid med familie, gåver og mykje god mat. For mange er det også ei tid med bekymring med at pengane ikkje strekk heilt til. Aukra frivilligsentral ønskjer å vere ei hjelpande hand til dei som treng det, men er i år avhengig av å få hjelp frå andre. 

Har du lyst til å hjelpe?? Det er fleire moglegheiter for å kunne vere med å støtte årets julegåveaksjon; 

- Spar og Bunnpris Aukra setter ut handlevogn frå veke 48 der du kan donere matvarer. (Fleire butikkar kan kome til) 

- Du kan kjøpe matgavekort på daglegvarebutikkane som kan leverast til frivilligsentralen på kulturhuset 

- Du kan kjøpe gåver å pakke inn og merke med for eksempel "Jente 6-8år" som kan leverast til frivilligsentralen på kulturhuset. Det er også spesielt behov for gåver til ungdommar som til dømes gåvekort frå lokale bedrifter som feks bikuben, amfi-gåvekort eller sentrumsgåvekort. 

Frist for å donere gåver og gåvekort er fredag 5.desember, men vi tek i mot etter det også. 

Utdelingen av matvarer vil skje fredag 19.desember, så alle bidrag må være levert inn før torsdag 18.desember. 

Saman kan vi på den måten bidra til mindre utanforskap og gje medmennesker ei litt bedre julefeiring. 

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjer litt! 

Julegåveaksjonen koordinerast og organiserast av frivilligsentralen, og er eit samarbeid med tenesta for psykisk helse og rus og NAV. 

Ta kontakt med Idun Solem Sandøy om det er spørsmål 

E-post: idun.sandoy@aukra.kommune.no 
Tlf: 908 04 713

2025 © Aukra frivilligsentral