-
Julegåveaksjon 2025
Har du lyst til å vere med å støtte årets julegåveaksjon?
Frivillighetens dag 2025
Vi feira frivilligheta i Aukra med frivilligfest!4.desember inviterte frivilligsentralen og kulturavdelinga i Aukra til frivilligfest. Wickssalen var pynta frå topp til tå for å kunne ta imot alle dei fantastiske frivillige vi har i kommunen. I Aukra er vi så heldige å ha mange som kvar veke er i sving – anten med å organisere aktivitetar, planlegge og utføre dugnader, eller stille opp som trenarar.
Den siste månaden har alle hatt høve til å sende inn nominasjonar til kven som fortener å vinne Frivilligprisen 2025. Vi fekk inn nærmare 40 nominasjonar, og i år valde vi å gjere ein liten vri under frivilligfesten: Tidleg i programmet viste vi på storskjerm alle som var nominerte, og løfta spesielt fram dei tre som hadde kome til finalen.
Aukra omsorgssenter diska opp med nydeleg mat, og vi fekk god hjelp frå GIL som bidrog gjennom kvelden. Fire flinke jenter frå kulturskulen song den vakre songen «Stjernestøv» for oss – imponerande dyktige! Vi fekk òg høyre mykje spanande frå Ståle Skårn, som i mange år har vore aktiv frivillig i Julsundsmarkas venner. Han og mange andre gjer ein formidabel innsats for å lage, utbetre og vedlikehalde stiane i Julsundmarka.
Kvelden vart avslutta med kåringa av Frivilligprisen 2025, og i år var det Inger Lyngvær som fekk den velfortente prisen. Inger har vore leiar i Aukra demensforening i fleire år og har vore ein viktig pådrivar for nye aktivitetar og arrangement – til stor glede for mange. I ei av nominasjonane står det:
«Inger Lyngvær er ei ildsjel av dei sjeldne. Ho står på for eldre i Aukra kommune, særleg for dei som har ein demenssjukdom. Inger er leiar av Aukra demensforening, men gjer mykje meir enn sjølve leiaroppgåva. For at alle skal få høve til å vere med på aktivitetane, ringer ho rundt og minner kvar enkelt på at no er det Bli-med-gruppe eller korøving. For dei som ikkje kjem seg på arrangement på eiga hand, hentar ho på avdelinga eller ordnar med følgje. Inger brukar mykje av fritida si på dette. Ho fortener så absolutt Frivilligprisen.»
Grunna Inger sin innsatsen sin vert Aukra ein betre stad å leve!
Del på:
-
Kommunale og lokale tilskotsordningar
Her er ei oversikt over nokre aktuelle kommunale og lokale tilskotsordningar
-
Tilskuddsordningar
Her finn du oversikt over ulike tilskudd ditt lag- eller forening kan søke på
-
Gamingkafé
Aukra sin første gamingkafé vel gjennomført
-
Julegåveaksjon 2024
Har du lyst til å vere med å støtte årets julegåveaksjon?